Nå er det sommar med tid for båtliv og bading! Erfjord Grendutvalet ønskjer å oppgradere Habn badestrand td. med betre universell uforming, slik at det blir lettare å trille barnevogn nedover, og med ein flytebrygge for båtgjester. Men vi treng DIN HJELP!
Vi treng folk som kan hjelpe oss ved å utvikle ein plan korleis Habn kan oppgraderast. Folk som har gode tanker om kva skal til for å få Habn meir attraktivt. Grendeutvalet kan søke om tilskot og samarbeide med kommunen for å få det gjørt i lag med dykk!
Ta gjerne kontakt med Erfjord Grendeutvalet om du kan tenkje deg å jobbe med Habn.