Erfjord Grendeutvalet kan støtte lokale arrangement med opp til 6000 kr og rusfri ungdomstiltak med opp til 3000 kr i kulturmidlar. Alle kan søke, om du er privatperson, lag eller organisasjon.
Det lokale arrangementstilskotet skal gå til opne arrangement som alle skal ha høve til å delta på. Døme på dette kan være felles jonsokfeiring, grillfest for bygda, aktivitetsdag, idrettsturnering for grenda osv. Det kan også være høve til å søkje om tilskot til eksisterande arrangement, og ev. utvikling av desse.
Tilskot til rusfrie miljø for ungdom er meint å gå til kontinuerlige rusfrie fritidstiltak for ungdom, dvs tiltak som går utover året, til dømes ein gong i veka, kvar fjortande dag, ein gong i månaden og liknande.
Send søknaden til grendeutvalet innan 1. september 2016.