Kristen Idrettskontakt (KRIK)

 

KRIK, kristen idrettskontakt, er ein landsdekkande organisasjon. Den vart stifta i 1981, og målet er å ”bevare, inspirere og vinne idrettsfolk til kristent liv både i idrettslag og kyrkjelyd”. KRIK hadde i 2008 over 300 lokallag og 12 800 medlemmer. KRIK Erfjord vart stifta i januar 2009, og er ei vidareføring av Ungdomstreff som starta opp i 2006. Det er om lag 20 ungdommar som møter opp på KRIK-kveldane.

KRIK Erfjord er for ungdom mellom 13 og 18 år, og ungdomsskuleelevane er dei mest aktive deltakarane. Vi samlast ein gong i månaden, og kveldane består av leik, idrett, andakt, kiosksal og god konkurranseånd. Det plar vere kjekke samlingar!

 

Bruk gjerne skjemaet til høyre for å ta kontakt med KRIK.

 

Styret

  • Leiar: Ole Jørgen Nøstbakken
  • Sekretær:
  • Kasserar:
  • Medlemar:

Kontakt KRIK