Harald Johan Sandvik vil denne kvelden presentere boka han har skreve om sin far: «Motstandsmann og medmenneske – ei bok om Johannes Sandvik». Boka er ei sterk påminning om at me aldri må ta fridomen og demokratiet som sjølvsagte verdiar i samfunnet vårt.
Kva kan du forvente deg denne kvelden? Harald Johan innleier foredraget med ein gjennomgang av handlinga i boka, deretter les han nokre utdrag frå teksten, og sluttar så av med ein bildeserie frå boka. Foredraget varer omkring 1 time.
Boka handlar om: Johannes Sandvik budde først i Færøysund, seinare i Sandvikvåg i Fitjar.
Han hadde eit allsidig liv. I ulike periodar var han motorbåtførar, entreprenør, småbrukar, kjøpmann, postopnar og ferjeekspeditør.
Mest kjend er han likevel som aktiv i heimefronten under krigen. Det er bakgrunnen for uttrykket «motstandsmann» i tittelen. Han var med i kampane i Valdres i 1940, og seinare dreiv han med våpentransport i ytre Sunnhordland. Aller mest dramatisk var det då han gøymde ein sterkt ettersøkt mann og transporterte han og venene hans ut av faresonene før han sjølv vart teken til fange.
Vegen vidare som krigsfange var krevjande, med stoppestader som Bergen Kretsfengsel, Ulven leir, Espeland fangeleir, konsentrasjonsleiren Sachsenhausen og Heinkel flyfabrikk. Gjennom alt fann han styrke i den trygge kristentrua si, noko som pregar heile boka.
Uttrykket «medmenneske» i tittelen peikar på den omsorga han hadde for menneska rundt seg, både under krigen og i åra etterpå.